Reisebrev: LIVERPOOL – arsenal – So close
Endeleg er det i gang igjen; ordentleg fotball, Premier League. Liverpool har ein veldig tøff start med Arsenal, Manchester City og Manchester United i løpet av dei fem første kampane. Men første kampen var altså mot Arsenal, og kven skal sitte på 4. rad på Centenary Stand? EG
Med en så fantastisk start på reisebrevet, turte ikke jeg (Stig Magnus) å skrive en innledning først. Årets første PL-kamp betyr såklart årets første reisebrev her på Liverpoolblogg.no, og denne gangen er det Terje Målsnes som står for reisebrevet. Det høres ut som det var litt av en tur, og vi håper på flere reisebrev fra den kanten. Bl a “noe på ryggen” er fantastisk å se. Det er bare å sette seg godt til rette og nyte et fantastisk reisebrev stappa fult av bilder og snacks. Take it away, Terje!
Eg og tre kameratar reiste til Liverpool på fredag ved hjelp av Red Hospitality, som eg forresten fann gjennom Liverpoolblogg, så takk for det!
Eg og to av dei andre starta tidleg på fredag og køyrte frå Vik (i Sogn) til Torp, Sandefjord, der me møtte fjerdemann, som hadde flydd inn frå Bergen. Herifrå gjekk turen vidare til London, Stansted. Her stod Andy (grunnleggjar av Red Hospitality) og venta på oss.
Frå London køyrte me opp til Liverpool, med ein veldig nødvendig pissepause på vegen. Andy hadde nemleg med ein kjølebag med pils i bilen, berre ein til kvar vel og merka.
Turen til Liverpool tok ikkje lenger enn 3,5 timar, men det kjendes ut som ein evigheit.
Me kom oss fram til slutt og tok ein veldig roleg kveld i huset til Andy (weil he stayed at his mom’s) med eit kjøleskap fult av øl og pes på Playstation. På trass av ein del øl blei det ein roleg kveld og forholdsvis tidleg i seng.
På laurdagen hadde me reservert bord på Cafe’s Sport England (Carragher sin restaurant) Der eg berre måtte bestilla ”Penne Carragher” som var sjukt mektig og absolutt kan anbefalast. Medan me koste oss med god mat og ”a pint” såg me Man City – Spurs spela uavgjort i opningskampen, noko som passar oss veldig bra
Etter mat og kamp tok me ein liten shoppingrunde i området rundt Liverpool One (the City Senter) Og me fekk kjøpt oss både drakter og skjerf. Eg skal innrømma at eg har brukt litt tid på å bli vant med den nye drakten, men no syns eg den er heilt nydeleg.
(Her er heile gjengen på Carragher’s, mannen i svart er ein heilt genial tryllekunstnar, WOW)
Men etter shoppinga reiste me tilbake til huset der me spelte litt ps3, drakk øl og leikte litt:P
Ut over kvelden blei det til at me tok oss ein runde nede i Matthew’s Street og litt andre puber. Der blei eg for første gang at eg likna på Mark Wahlberg frå ikkje berre ein Scouser men tre. Og så fekk me nokre nye venner…
Det var ein kjekke kveld, med altfor mykje alkohol.
KAMPDAG!!!!
Endeleg er dagen her; Me skal sjå Liverpool mot Arsenal på Anfield i sesongens aller første kamp. Klar til å ta av
Før kampen blei det eit par ”pints” på ein av dei mange pubane som ligg vegg i vegg nesten med Anfield, men denne kampen skal nytast til det fulle så her er det viktig å vera klar i hovudet
Me såg til vår store skuffelse at Arsenal var det beste laget i 1. omgang, og då Cole blei utvist for første gong i karrieren 2 minutt før pause frykta eg at me måtte gå heim veldig skuffa. Men som alle veit er det noko heilt spesielt med denne klubben og medan You’ll Never Walk Alone fortsatte å rule over Anfield sa Hodgsen nokon velvalgte ord til gjengen i garderoben.
Ngog gjorde det han er betalt for og knuste ballen i krysse berre eit minutt inn i andreomgang. ANFIELD var i ekstase!!. (synd for to av mine reisevenner at dei ikkje hadde greidd å komma seg tilbake til tribuna då det skjedde) Eit magisk mål
SO CLOSE…
Dessverre skulle det ikkje halda heilt inn. Ein tabbe av Reina (verdens beste målvakt) gav Arsenal utligninga dei leie etter i det 90ENDE MINUTT!!! Reina var heilt sett ut av den låge sommarsola i Liverpool og tomla ballen i mål etter at ein Arsenal spelar hadde heada i stolpen. Men Reina var tilgitt før jubelen hadde lagt seg frå Arsenal spelarane for min del. Han hadde tidlegare i kampen varta opp med redningar ingen andre i verda hadde teke.
Men det hadde vore ein fantastisk kamp med ein fantastisk atmosfære. Og for meg utmerka spesielt Carragher, Skrtel, Macherano og Gerrard seg. Det betyr ikkje at resten av laget ikkje gjorde ein god innsats. Alle var nemleg gode og då Torres entra bana etter ca. 75 minutt fekk The Kop og resten av Anfield endå meir og synga om.
Eg skal innrømma at viss nokon hadde seg til meg i pausen at det kjem til å bli 1-1 hadde eg sagt ja takk, men når det kjem etter 90 minutt på den måten går ein frå stadion med ein litt sur smak i munnen. Men ein fantastisk forstilling var det heilt klart.
Etter kampen gjekk me tilbake til huset der det blei ein roleg filmkveld med eit par pils, og godt var det. Eg hadde ikkje energi igjen til noko meir i vertfall.
Måndag var det opp igjen til Anfield for omvisning (min andre) og litt meir shopping. Litt artig var det og at han som var guiden vår var same mann eg spurte om å ta bilde for meg på kampen i går, fin liten tilfeldigheit.
Eg fekk dessutan moglegheit til å stilla Steven Gerrard eit spørsmål i det som tidlegare hadde vore ”the boot room” som no er presse rommet.
Resten av omvisninga inkluderte; the directers box, heimegarderoben, This is Anfield skiltet, legend lounge, museumet og sjølvsagt The Kop.
(Klar til å entre bana)
Resten av dagen brukte me på shopping, chillin og eting hjå Carragher. Pluss ein liten ting eg fekk festa til ryggen..
(Diego hang litt med oss og)
(Carragher’s med Andy og nokon jente som fulgte etter oss)
(er ikkje alltid like godt å vera supportar)
(Justice for the 96)




















Menn i undertøy, menn i smerte, fotball..her har vi alt! Gamle menn som tilbyr overnatting skal du passe deg litt for, altså..hehe..
Drit bra Terje
Bra du har fått deg Liverpool tattis på kroppen.
Har selv en på brystet